Pressemelding: Brødrene Aa og Norled inngår kontrakt om bygging av to elektriske hurtigbåtar

Nordland fylkeskommune tildelte Norled hurtigbåtkontrakt for rutene mellom Bodø og Væran, og Bodø og Gildeskål tidlegare i vår. Det er no klart at dei to hovudfartøya i anbodet skal byggast av Brødrene Aa.

Dei nye båtane skal byggast i karbonfiber, vert 40,6 meter lange og kunne ta med seg 130 passasjerar pluss last. Kvar av båtane vil bli utrusta med ein batteripakke på 4 MWh og vil vere i stand til å operere heilelektrisk i 30 knop. Sjølve ruteoperasjonen krev ein servicefart på 28 knop, og med denne farten vil båtane få ei heil-elektrisk rekkevidde på over 60 NM.

- Vi er naturlegvis svært glad for denne kontrakten, og for at vi igjen kan ta til på eit byggeoppdrag for Norled, seier Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa. - Prosjektet er samstundes grensesprengande, der ein reell hurtigbåtoperasjon i ei krevjande rute langs Nordlandskysten no blir elektrifisert. Tretti knop heilelektrisk er ein milepel for ein hurtigbåt, og dette prosjektet vil stå som ein referanse for utrulling av utsleppsfrie hurtigbåtar i åra som kjem.

Lang erfaring med elektriske båtar

Brødrene Aa har etterkvart opparbeidd seg solid erfaring med bygging av elektriske båtar. Den fyrste hybrid-elektriske båten, Vision of the Fjords, blei levert frå verftet i 2016, etterfølgt av to heil-elektriske systerskip i åra etter.

I 2020 blei Rygerelektra levert til Rødne. Bygd som hurtigbåt etter high-speed koden, greidde den som 300 pax fartøy med 2MWh installert effekt å oppnå ein fart på 23 knop.

- Med dei nye båtane til Norled doblar vi batterikapasiteten frå Rygerelektra, og med denne energimengda vil båtane vere i stand til å operere heil-elektrisk 70% av tida, forklarer Tor Øyvin Aa. - Vi ser at batteriteknologien stadig er i utvikling men det er framleis utfordringar knytt til vekt. Generator må difor inn for å dekke noko av energibehovet.

Miljøkrav avgjerande

Kontrakten for hurtigbåtrutene mellom Bodø og Væran, og Bodø og Gildeskål har ein varigheit på ti år, med oppstart i januar 2024. Norled vil drifte to hovudfartøy og eit reservefartøy i anbodet. Det ligg også ein opsjon på å drifte ruta mellom Bodø og Myken i sommarmånadane.

- Det er svært gledeleg at Nordland fylkeskommune vektla miljøaspektet i kontrakten, slik at sambanda no kan elektrifiserast. Vi ser fram til å ynskje reisande velkomen om bord på våre nye, elektriske fartøy i 2024, seier administrerande direktør i Norled, Heidi Wolden.

Norled og Brødrene Aa har samarbeidd om fleire hurtigbåtar som har utfordra tekniske krav og miljøkrav, samt løysningar som gir universell utforming. - Vi gleder oss til vidareutvikling av nye miljøvenlege hurtigbåtar saman med Brødrene Aa, seier Wolden.

– Vi set pris på det gode samarbeidet vi har hatt etablert med Norled gjennom ein lengre konseptutviklingsperiode, og vi ser fram til å styrke dette samarbeidet vidare inn i byggeperioden, avsluttar Tor Øyvin Aa.

Kontaktpersonar:

Brødrene Aa: Tor Øyvin Aa, dagleg leiar, tor@braa.no / 950 57 187

Norled: Bjørn Egil Søndenå, hurtigbåtsjef, bjorn.sondena@norled.no / 922 01 181

Om Norled:

Norled AS er eit av dei største ferje- og hurtigbåtrederia i landet. Selskapet har rundt 80 fartøy, og driv ferje- og hurtigbåtsamband frå Oslofjorden til Troms. Norled har satsa mykje på nye fartøystypar og miljøvenleg teknologi, og har tatt fram løysingar som selskapet er åleine om i verda. Selskapet har rundt 900 tilsette. Selskapet har hovudkontor i Stavanger og kontor i Bergen og Oslo.

Lars Endre Gimmestad