– Det er viktig for oss å utvikle framtidas båtbyggjarar

Alle foto: Ove Kristian Leirgulen, Romvesen AS

Brødrene Aa har omfamna lærlingordninga i Nordfjord, og har gått frå to til elleve lærlingar dei siste åra. 

I dag har bedrifta frå Hyen tatt inn sju lærlingar i faget polymerkompositt, tre lærlingar innan industrimekanikar, og ein lærling innan industrirøyrleggjar, fordelt på verfta i Hyen og Eikefjord.

– Vi ser mange verdiar med lærlingane våre. Ikkje berre er dei flinke ungdom som kan hjelpe oss i produksjon, dette er framtidig arbeidskraft og eit tiltak for å gjere fagområda våre meir attraktiv, fortel Synne Marie Oppheim i Brødrene Aa.

– Vi har eit ansvar for å utvikle framtidas båtbyggjarar og å gje innblikk i kor spennande jobbar ein kan få med slik fagkompetanse, utdjupar leiaren for personale og berekraft.

Skal Brødrene Aa forvente å finne folk med kompetanse innan polymerkompositt dei neste åra, har dei innsett at dei må gjere ein innsats sjølv. Denne utdanninga er det ikkje mange som tilbyr i dag.

Får mykje ansvar

Lærlingane Okubay Yemane Araya og Mark Jepifanov.

Ein av dei som tar læretida i polymerkompositt hos Brødrene Aa, er 18-åringen Mark Jepifanov. Han starta i fjor haust, etter å ha fullført skuletida på Florø vgs.

– Akkurat no driv eg med plastring av båtar, og oppsetting av fenderar og vegger i ei ny båtleveranse som skal vere klar no til våren. Måten dei gjer dette på i Brødrene Aa er litt unik, så eg lærer mykje, fortel Jepifanov.

Lærlingen er glad han fekk læreplass her, og sett pris på både det faglige og det sosiale.

– Arbeidsmiljøet er veldig fint her. Det er ein del utlendingar, så eg får øvd meg bra på engelsken min. Elles er vi fleire lærlingar og har instruktørar som hjelper oss. Eg får mykje ansvar og synes det er moro å få vere med å byggje ein stor båt eg snart skal få sjå sjøsettast.

Samhald og mangfald

Magnar Støyva, yrkesopplæringssjef i Brødrene Aa, legg også vekt på verdien av samhaldet og det at dei jobbar tett på kvarandre.

– Det er fokus på at lærlingane skal få jobba med faget sitt, men dei er med å heile prosessen med å byggje båtar. Vi skal vere verdsledande på lågutsleppsbåtar i karbonfiber, og produserer høg kvalitet med fokus på lang levetid. Så her får lærlingane skru og fikse på ting slik mange av dei likar, men dei får også føle på det å vere med å bygge noko som er viktig for samfunnet, med fokus på berekraft og miljø, fortel Støyva.

Yrkesopplæringssjefen har jobba tett med lærlingane i bedrifta og er nøgd med at dei har fått inn så mange.

– Det er klart det krev tid og ressursar å følgje opp fleire lærlingar, men vi får så mykje igjen for det. Vi opplever at yrkesfag har fått høgare status generelt, og det er bra. Lærlingane er viktige for oss.

F.v.: John Andre Støyva og lærlingane Okubay Yemane Araya og Mark Jepifanov.

– Må føle seg trygge

Leif Johnny Endal ved Nordfjord Opplæringskontor synes det er fantastisk at Brødrene Aa har så mykje fokus på lærlingar.

– Dei gjer ein formidabel jobb. Dei har så mange flinke fagfolk dei har, som òg har den menneskelege faktoren, det er viktig. Ungdommane må føle seg trygge og få oppfølginga dei treng, så det krevjast litt frå bedrifter som vel å ta inn lærlingar, fortel Endal.

Han legg til at opplæringskontoret er sparringspartnar og tilbyr rettleiing undervegs i lærlingtida, til hjelp både for lærlingane og instruktørane hjå Brødrene Aa.  

– Om lærlingane møter på utfordringar på jobb, kjem vi inn og rettleier dei, før det blir eit større problem. Det trur eg alle set pris på.

Og det er Mark Jepifanov glad for. Han føler seg godt ivareteken og har planar om å søkje læreplass som industrimekanikar etter han har fullført sine to år med polymerkompositt.

– Eg trur det er ein god kombinasjon av fag og gir meg fleire moglegheiter, fortel 18-åringen. 

Synne Marie Oppheim er glad Jepifanov ønskjer å fortsetje lærlingtiden sin hos Brødrene Aa.

– Vi håpar jo lærlingane våre vil jobbe hos oss når dei er ferdig. Og då er det viktig at ungdommen veit at det er spennande arbeidsplassar å komme heim til i Nordfjord, fortel Oppheim.

Alle foto: Ove Kristian Leirgulen, Romvesen AS

Gasta DesignBerekraft