Sterke nordlandskvinner i tøft farvatn

 
MS Elsa Laula Renberg 3.jpg
 

Nordland Fylkeskommune har dei siste åra valt Brødrene Aa som leverandør av fem nye hurtigbåtar. Då dei skulle døypast, fall namnevalet på fem kvinner som alle har sett sine spor i nordnorsk historie.

- Vi ønskte å gi båtane ein identitet, kopla opp mot sterke, historiske kvinner frå nord, seier Tone Øverli, seksjonsleiar for mobilitet i Nordland fylkeskommune.

I sommar fekk dei levert den siste av fem båtar frå Brødrene Aa - som alle skal betene krevjande ruter langs Nordlandskysten.

- Det gir eit godt utstillingsvindauge for å løfte og heidre desse kvinnene si rolle i norsk historie på ny, forklarer Øverli.

KRIGSHELT PÅ UTFORDRANDE SJØ

Noregs høgst dekorerte kvinnelege krigshelt etter andre verdskrig, Liv Elisabeth Grannes, er mellom kvinnene som no blir heidra med sin eigen hurtigbåt. 

Grannes blei tidleg aktiv i motstandsarbeidet mot dei tyske okkupantane og kunne gjennom sin jobb på politikammeret og sitt gode lokale nettverk, få gjort viktige, praktiske ting som å forfalske grensebuarbevis og skaffe matpengar. I tillegg ga ho bistand og opphaldsstad til Lingegutar som kom inn med båt frå Shetland for å drive sabotasje og undergravande verksemd på Helgeland.

- EIT VIKTIG SAMFUNNSOPPDRAG 

«Liv Grannes» opererer i dag på to ruter mellom Sandnessjøen og Brønnøysund, som blir drifta av Torghatten Trafikkselskap.

-  «Liv» har gått på Herøysambandet sidan mai og fungert veldig bra. Etter litt innkøyring er «barnesjukdomane» vekk, konstaterer Jarle Rodahl, driftssjef i Torghatten Trafikkselskap.

Holmar og skjær gjer det dessutan til eit utfordrande samband å betene.

- Det er snakk om fleire små kaier, med smale og grunne passasjar, på ein vêrutsett strekning. No har den vore gjennom ein travel sommar og tilbakemeldingane er gode. Passasjerane skryt av komfortable salongløysingar og mannskapet har fått ein god arbeidsplass på bru og i maskinrom. 

TO STERKE KVINNER FRÅ NORD

I september fekk ho selskap av søsterskipet «Sigrid Sigurdsdotter». 

- Dette er begge viktige båtar for pendlarar, fastbuande og turister langs Helgelandskysten. Med dei nye båtane får vi dessutan romslegare lasterom for gods, noko som kjem godt med.

Rodahl meiner kvinnenamna passar godt til båtane sin viktige funksjon i utfordrande farvatn.

- Dette er sterke namn, med tydeleg tilknyting til Midt- og Sør-Helgeland. Fleire har dessutan fått betre kjennskap til Liv i seinare tid, gjennom ein spelefilm mynta på hennar rolle under krigen.

Nordland fylkeskommune har fått levert fem hurtigbåtar frå Brødrene Aa, som skal ta passasjerar og last gjennom tøft farvatn.

Nordland fylkeskommune har fått levert fem hurtigbåtar frå Brødrene Aa, som skal ta passasjerar og last gjennom tøft farvatn.

- ET MEIR PERSONLEG NAMNEVAL                           

Forslaget om å døype båtane etter historiske kvinner frå nord blei først lufta i Fylkersrådet, av Marius Meisfjord Jøsevold (SV).

 - Båtar har tradisjonelt blitt oppkalla etter øyer og stadnamn, så eg tenkte at det var på tide å tenkje nytt og meir personleg, forklarer Jøsevold

Responsen har ikkje late seg vente på. 

- Eg har fått fleire hyggelege tilbakemeldingar. Folk meiner det er riktig at vi løfter og gir desse kvinnene merksemda dei fortener. At fleire no omtalar dei med førenamn, trur eg også viser at ein har begynt å få eit meir personleg forhold til kven desse kvinnene var og kva dei har betydd for vår historie.

Folk meiner det er riktig at vi løftar og gir desse kvinnene merksemda dei fortener.
— Marius Meisfjord Jøsevold (SV).

-  SVÆRT NØGD

Også verftet sjølv er svært nøgde med båtane som no er i full sving langs Helgelandskysten. 

- Både mannskap og passasjerar har kome med gode tilbakemeldingar. Vi er svært stolte over å ha løfta standarden på mange av båtane som går langs Helgelandskysten, seier dagleg leiar Tor Øyvind Aa hos verftet Brødrene Aa.

- I likskap med dei sterke kvinnene som båtane er oppkalla etter, er hurtigbåtane rusta til å takle krevjande og tøffe forhold på Nordlandskysten.

I tillegg til at båtane er godt teknisk utstyrte, med universell utforming, lange landgangar og heis, står komforten høgt i kurs.

- Vi har fokus på passasjerkomfort, med låg støy, store vindauge og tryggleik i høgsetet.

 
 
 

Dette er dei fem båtane

1.     Elsa Laula Renberg – samisk aktivist, politikar, reineigar og jordmor. «Elsa Laula Renberg» er ein av to Nordlandsekspressar, som går langs heile Nordlandskysten. Elsa er bygd med høg klaring for sjø og kan gå i store bølger. Med sine 42 meter betener båten både frakt og opptil 220 passasjerar for Boreal Sjø.

2.     Regine Normann – den første kjende kvinnelege forfattaren frå Nord-Norge. «Regine Nordmann» er den andre Nordlandsekspressen og Elsas søsterskip. Regine er med sine 42 meter rusta for tøff sjø, med plass til 200 passasjerar og åtte tonn last.

3.     Fredrikke Tønder Olsen - den politisk engasjerte forretningskvinna frå Helgelandskysten. «Fredrikke Tønder-Olsen» er sertifisert for eit sjøfartsområde der det er godkjent for fire meters signifikant bølgjehøgde. 42 meter lang tek den 220 passasjerar.

4.     Liv Grannes er oppkalla etter Noregs høgast dekorerte kvinnelege krigshelt etter andre verdskrig. Båten er 30 meter lang og tek 95 passasjerar på to ruter langs Helgelandskysten.

5.     Sigrid Sigurdsdotter er oppkalla etter den mektige vikingkvinna frå Alstahaug. Sigrid er Liv sitt søsterskip og båt nummer fem til Nordland fylkeskommune - og siste leveranse i denne omgang. Med sine 30 meter og 97 passasjerplassar har den saman med Liv gått inn i eksisterande ruter for Torghatten Trafikkselskap.

 

Gasta Design