Pressemelding: Ny styreleiar i Brødrene Aa

Gørvell-Dahll gjekk nyleg av som direktør for Maritim Bransjeforeining i NHO.

Lars Gørvell-Dahll blei på generalforsamling i går vald til ny styreleiar i Brødrene Aa AS. Avtroppande styreleiar, Leif Riksheim, blei samstundes takka av og han gjev frå seg roret etter nærare 30 år bak seg som styreleiar i selskapet. I tillegg til ny styreleiar, tar Stig Rune Aa over som styremedlem etter Ole Matias Aa.

Brødrene Aa Eiendom AS er Aa-familien sitt felles holdingselskap, og største eigar i Brødrene Aa AS.

– At Leif Riksheim ynskjer å gå av er noko vi naturlegvis har forståing for, seier Ole Matias Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa Eiendom.

– Leif Riksheim har gjort ein formidabel innsats, og vore ein viktig støttespelar for selskapet og oss som eigarar gjennom tre tiår. Det er vemodig å avslutte eit kapittel, men vi er samstundes svært takksame for innsatsen Leif har lagt ned og verdiane han har vore med på å skape.

Brødrene Aa har dei siste par åra vore gjennom ein utfordrande periode med naturskade, pandemi og generelt lågare etterspurnad etter nybygg. Men no er ordreboka fylt og aktiviteten ved verfta vil bli høg dei komande åra.

– Eg ynskjer selskapet alt godt vidare, seier Leif Riksheim.

Eit kjend namn innan maritim næring

Påtroppande styreleiar Lars Gørvell-Dahll er eit kjend namn innan maritim næring. Gørvell-Dahll gjekk nyleg av som direktør for Maritim Bransjeforeining i NHO, ei stilling han hadde i åtte år. Før dette kan han sjå tilbake på ei lang karriere i sentrale leiarroller i mellom anna Kongsberg-gruppa og tidlegare Kværner.

– Styreleiarvervet i Brødrene Aa er noko av det mest spennande og utfordrande ein kan ha i norsk maritim industri, seier Gørvell-Dahll.

– Verftet kan skilte med fleire nyvinningar og har vist ein imponerande evne til å realisere ny teknologi og konsept. Ikkje minst innan låg og nullutslepp har verftet synt veg. Eg ser fram til å bli med på denne reisa vidare.

 

Brødrene Aa Eiendom AS er største eigar i Brødrene Aa AS med 60% av aksjane. CKS Invest Norway eig den andre posten på 40%.

Gasta Design