Pressemelding: Brødrene Aa med ny heilelektrisk leveranse

Brim Explorer vel heilelektrisk i karbonfiber til sitt neste passasjerskip i Brim-serien.

Dei karakteristiske båtane i Brim-serien fraktar passasjerar rundt på miljøvenlege turar og cruise i Noreg. Når rederiet no lanserer si tredje båt, «MS Bris», er det i samarbeid med Brødrene Aa frå Hyen.

– Vi vel å byggje båtane våre i Noreg fordi den norske maritimklynga er i verdsklasse på utvikling og bygging av lav- og nullutsleppsfartøy. Brødrene Aa utmerkar seg som eit verft med høg innovasjonsevne og kompetanse til å levere neste generasjon Brim-båtar, seier dagleg leiar i Brim Explorer, Agnes Árnadóttir.

Fjerde heilelektriske leveranse

Brødrene Aa har ei lang historie å syne til i utviklinga av energieffektive båtar, spesielt dei siste tjue åra etter at karbonfiber blei tatt i bruk som byggemateriale. Brim-leveransen blir verftet sitt fjerde heilelektriske passasjerfartøy.

– I Brødrene Aa har vi eit sterkt fokus på energieffektivisering. Vekt- og skrogoptimalisering er noko vi har arbeidd med lenge, men Brim-rederiet har klart å utforde oss til å bli enda betre. Samarbeidet med Brim ser vi som svært positivt for oss. Saman har vi jobba fram løysingar som løftar utviklinga av bærekraftige og miljøvenlege fartøy ytterlegare, fortel Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa.

MS Bris vil sjøsettast neste sommar og skal gi innbyggarar og turistar i Oslo nullutsleppsopplevingar på fjorden heile året. Dette er den tredje båten i Brim-serien, men det første av dei tre som er heilelektrisk og bygd i karbonfiber.

­–  Våre kundar etterspør produkt av kvalitet og som etterlet seg mindre klimafotavtrykk. Vi er sikker på at det er marknad for fleire elektriske opplevingar langs Noregs kyst, og at denne lanseringen viser at det er optimisme for framtida til eit norsk reiseliv med fokus på kvalitet og bærekraft, asvluttar Árnadóttir.

Lars Endre Gimmestad