Nytt hybridfartøy til Bodø – med dobbeltfunksjon

Norled og Brødrene Aa har inngått kontrakt om bygging av eit nytt hybridelektrisk fartøy som vil få namnet MS Bre.

Hurtigbåten vil ha ein berekraftig dobbeltfunksjon: Den skal brukast både som reservefartøy på sambandet Bodø-Væran og Bodø-Gildeskål, og som 100 % elektrisk sightseeingbåt i periodane den ikkje går inn i ordinære ruter. 

– Dette er eitt av tre nye miljøfartøy som spesialbyggast til sambandet. Norled vil ha ein hybridiseringsgrad på 70 % elektrisk drift ved operasjon av rutene, noko som vil bidra til å redusere utsleppa på sambandet betrakteleg, seier Heidi Wolden, administrerande direktør i Norled.

Brim Explorer og Norled med smart samarbeid

Brim Explorer vil drifte sightseeingfartøyet i områda rundt Bodø. MS Bre er designa som eit moderne og universelt utforma fartøy med god passasjerkomfort og panoramavindauge for optimal utsikt. Det vil vere plass til 130 passasjerar, samt bagasje, syklar og kajakkar.  

Toppfarten vil vere rundt 30 knop og lengda på fartøyet er 24 meter. Det vil utrustast med 1,2 MWh med batteri, og ein heilelektrisk drivlinje med dieseldrivne rekkeviddeforlengarar.

­– Vi er naturlegvis svært glade for kontrakten med Norled om byggjing av reservefartøyet til desse rutene. Spesielt gledeleg er det at to rederi som vi allereie har eit etablert samarbeid med finn saman på denne måten, seier Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa. 

Eit slik samarbeid om ein anbodsrute er ein veldig god måte å utnytte ressursane på. Dette er ein vinn-vinn-situasjon for både Norled og Brim Explorer: Norled byggjer eit fartøy som oppfyller kriteria til anbodskontrakten, medan Brim Explorer får eit fleksibelt fartøy som kan tilby utsleppsfrie opplevingar i eit nytt område av Nord-Norge.  

– Bodø er porten til eit vakkert område i Nordland som vi gleder oss til å utforske med gjester om bord. Vi trur våre produkt vil vere eit positivt bidrag til ein spennande destinasjon i vekst, seier Agnes Árnadóttir, dagleg leiar i Brim Explorer.

Karbonfiber gir fleire fortrinn

Brødrene Aa skal byggje hybridfartøyet i karbonfiber. Selskapet i Hyen meiner den låge vekta og energieffektivitet er avgjerande i møte med låg- og nullutsleppskrav.

– Med dette fartøyet får vi demonstrert korleis eit lett byggemateriale som karbonfiber gir fortrinn både ved operasjonar i lav hastigheit - og som hurtigbåt. Materialet sikrar samtidig lang levetid på båten. Saman med kombinasjonsdrifta rederia legg opp til, gir det god ressursutnytting. Alt dette er viktige, positive aspekt i eit bærekraftperspektiv, forklarar Tor Øyvin Aa.

Astri Knudsen