Brødrene Aa er nominerte til Handlekraftprisen

skjermbilete: bt.no.

Vi er takksame og audmjuke over å vere nominerte til årets mest handlekraftige bedrift på Vestlandet. No kan du vere med å avgjere kven som får den gjeve tittelen.

Handlekraftprisen er ein heilt ny pris som Agenda Vestlandet deler ut når Vestlandskonferansen går av stabelen 14. februar.

I nominasjonen viser juryen til korleis Brødrene Aa med lanseringa av heilelektriske fartøy har vist at grøn omstilling og berekraft har meldt seg for fullt i den maritime næringa:

“Heilt sidan oppstarten har Brødrene Aa vist evne til å snu seg etter marknaden, om det så gjeld passasjerferjer, lystfartøy, yachtar eller subsea-leveransar. Evna deira til å vinne fram i internasjonal konkurranse, frå ei lita bygd, vitnar om handlekraft.”

– Det vi kanskje er mest stolt av er at vi var først i verda med å ta i bruk karnonfiber som byggemateriale i kommersielle fartøy. Kravet om null- og lågutslepp har vore hovudgrunnen til at vi har gjort dei grepa vi har gjort. Klarar vi ikkje å vere leiande på vårt segment, så har vi ikkje noko i denne marknaden å gjere, seier Tor Øyvin Aa, CEO i Brødrene Aa.

Brødrene Aa er i godt lag med tre verdige konkurrentar - vi set stor pris på om du meiner vi fortener di stemme.

– Eg meiner at de skal stemme på Brødrene Aa fordi vi er i vestlandsbedrift frå ei lita bygd, som er verdsleiande på vårt produkt og vi er leiande i det grøne skiftet, avsluttar Aa.

Her kan du lese heile nominasjonen og avgi di stemme.

Ragnhild Myklemyr