Ingeniørane våre skreddarsyr morgondagens fartøy

Cato Hallstensen er ein av 30 ingeniører i Brødrene Aa. Totalt er dei 150 tilsette.

Som ingeniør hos Brødrene Aa, må du vere litt oppfinnar og innstilt på at grenser kan flyttast.  

Kvar dag jobbar titals dedikerte ingeniørar med å utvikle framtidsretta og konkurransedyktige fartøy for Brødrene Aa. Ei næring i vekst legg grunnlag for utfordrande oppgåver. 

– Vi jobbar heile tida med utvikling av nye løysingar, med mål om å produsere mest mogleg energieffektive fartøy. Skal du jobbe hos oss må du vere litt oppfinnar og innstilt på at grenser kan flyttast, seier administrerande direktør i Brødrene Aa, Tor Øyvind Aa.

Ole Andre Aa, sjef for sal og marknad i Brødrene Aa.

Heile verdikjeda i eige verft 

For på verfta i Hyen og Eikefjord husar Brødrene Aa heile verdikjeda; frå engineering til design og skrogbygging med eigen produksjonsmetode. Før kunden si bestilling når produksjonen, landar den på teiknebordet. 

– For oss handlar skipsdesign om å finne ei optimal løysing som møter kunden sine krav og behov i den ruta båten skal inn i . Vi treng dyktige ingeniørar som forstår kva kunden treng, og som kan jobbe fram eit optimalt design tilpassa den enkelte. Det krev både kunnskap og grundig utredning, fortel Ole Andre Aa, sjef for sal og marknad i Brødrene Aa.

– Til dømes skjer det mykje spannande rundt optimalisering av framdrift; med nye batteriløysingar, og komplekse val kva angår elektriske og hybride løysingar. Det er eit samansett totalbilete der det gjeld å finne den beste konfigurasjonen for kvart enkelt case, både på kort og lang sikt.

Verftet samarbeider med leverandørar på spesialområde, som til dømes batteri og propulsjon.

– Ingeniørane våre samarbeider tett med kunden for å sikre gode løysingar til kvar enkelt bestilling. Vi har eit dynamisk miljø med høg grad av involvering på tvers av fagfelt, forklarer Aa.

Kompetanse i alle ledd

Graden av skreddarsaum gir dessutan Brødrene Aa sine ingeniørar eit unikt handlingsrom.

– Ein opererer med ulike grader av kundetilpassingar. Vi startar omtrent med blanke ark for å løyse den enkelte kunde sitt behov. Å ha skipsdesign under eige tak er ingen sjølvfølgje for eit verft. Det gir oss eit eigarskap til fartøya vi leverer frå dag éin, forklarer Aa.

I front for den grøne revolusjonen

Med heilelektriske Future of the fjords i 2018, og seinast tre Aero Highspeed hurtigbåtar, viser Brødrene Aa at grøn omstilling og berekraft pregar framtida i den maritime næringa. Det har sett verftet på kartet, også internasjonalt.

–  Den maritime bransjen er i raskare utvikling enn nokon sinne, og vi skal vere med på den elektriske revolusjonen. Norske verft er allereie langt framme når det gjeld låg- og nullutsleppsbåtar, så fleire internasjonale kundar ser nettopp vår veg, forklarer Aa.

– Vi har kome langt, men er ikkje i mål. Det er utfordrande å sikre nullutslepp på hurtigbåtar, som er energikrevjande fartøy. Her spelar også staten sine føringar ei rolle for takten i utviklinga; ved å til dømes stille strenge miljøkrav til fylkeskommunale innkjøp av båtar, dreier ein bransjen i ei grønare retning.

Kvalitetssikrar sluttproduktet

Som eit siste ledd i produksjonen sikrar Brødrene Aa at alle kvalitetskrav er innfridde. Såleis kan båten, som starta med ei skisse i salsavdelinga, snart utfylle viktige funksjonar hjå reiarlag frå Nordland til Kina. 

Cato Hallstensen er mellom ingeniørane som legg siste hand på verket, i avdelinga for ettermarknad.

– Vi har mellom anna ansvar for uttesting av båtane. I denne fasen kjenner vi som ingeniørar allereie båtane godt, det ein stor fordel, forklarer Hallstensen.

Gode på protypar

Ein vanleg dag i uttestingsfasen  startar gjerne i møte med klassifikasjonsselskap der skipsinspektørar, frå til dømes Norske Veritas, gjennomgår og kontrollerer fartøyet.

­– Vi skreddarsyr båtar med fleksible løysingar, der systema ikkje nødvendigvis er spikra frå start. Når vi lanserer nye båtseriar, vil ein alltid trenge lengst tid på justere første båt, før ein kan nyttegjere seg av den tileigna kunnskapen til neste produksjon. Vi er ekstremt gode på prototypar, seier Hallstensen.

Ingeniør, reiarlag og klassifikasjonsselskap jobbar tett fram mot første sjøsetjing av nye fartøy. 

Ingeniør og avdelingsleiar Olav Ommedal.

– På prøvekøyringstur testar vi mellom anna sjø- og manøvreringseigenskapane, for å vere sikre på at alt verkar som det skal og at den kan halde farten som er lova.

Hallstensen meiner ein som ingeniør i Brødrene Aa får stort handlingsrom.

– Vi får jobbe med ekstremt interessante oppgåver som krev at vi evnar å omstille oss raskt og ta bruk ny teknologi. Som ingeniør i Brødrene Aa er ein alltid på leit etter nye løysingar. Om ein jobbar sjølvstendig og tek eigarskap til oppgåvene sine, er handlingsrommet til den enkelte stort.

Eit framoverlent miljø

Han får støtte frå kollega Olav Ommedal, ingeniør og avdelingsleiar innan røyr og maskin i Eikefjord.

- Nyskaping er eit viktig nøkkelord. Som ingeniør i Brødrene Aa er ein del av eit framoverlent fagmiljø, som ligg i framkant når det gjeld båtbygging. Og enda ser me framleis berre starten på denne utviklinga.

Ommedal nemner interessante oppgåver knytt alternativt framdrift, som bruk av batteri og  hybridløysingar, som ein del av kvardagen.

– Jobben vår inneber å finne gode løysingar for utstyret om bord, slik at vi kan byggje lettare båtar enn konkurrentane våre. Det gir store gevinstar kva angår drivstoffbruk.

– Som ingeniørar har vi dessutan god kontroll på den samla prosessen, då vi følgjer opp arbeidet frå start til slutt. Arbeidsdagen er sjeldan lik; vi jobbar med oppfølging av klassifiseringsselskap, myndigheiter, underleverandørar og produksjon. Slik får vi også eit stort eigarskap til båtane og systema vi konstruerer.

Gasta Design