toppbar_stilling.jpg

Ingeniør marinteknikk

Brødrene Aa AS er lokalisert i Hyen i Sogn og Fjordane og har i dag ca. 170 tilsette. Verftet er leiande nasjonalt og internasjonalt på bygging av hurtiggåande fartøy i karbonfiber. Innovasjon og nytenking står sentralt i bedrifta og ein har dei siste åra utført store utviklingsprosjekt i forbindelse med nye båtkonsept, utstyrsutvikling på båtane og utvikling av komposittmateriale.

Lågare vekt, lågare forbruk og lågare utslepp, i tillegg til prisvinnande design, kjenneteiknar våre fartøy. Vi skal fortsette å være ein føretrekt leverandør i ein internasjonal krevjande marknad, og utvidar ved å etablere verft i Kina.

Mange omtalar Brødrene Aa som eit eventyr. Det er eit eventyr som inkluderer mykje arbeid, nytenking, evne til å levere framtidsretta løysingar som er optimale for våre kundar.

Vi søkjer etter skipsingeniør som skal arbeide med våre passasjerbåtar i karbonfiber. Du vil bli del av vår konstruksjonsavdeling som i dag består av 18 tilsette og spenner over fleire fagdisiplinar. Vi har eit godt arbeidsmiljø med fokus på tverrfagleg samarbeid og utvikling. Sidan få av våre fartøy er like, vil arbeidsoppgåvene bli varierte med stadig nye tekniske utfordringar. I dag står den maritime næringa ovanfor eit spennande skifte mot lav-og nullutsleppsfartøy, og vi har som ambisjon å være i front. Til vårt team treng vi deg som liker ei utfordring, er opptatt av fagleg utvikling med eit framtidsretta blikk.

Oppgåver:

Prosjektering, konstruksjon, 2D/3D teikning, dokumentasjon og utvikling av tekniske løysingar til ulike typar fartøy i komposittmaterialer.

Medverke til at Brødrene Aa opprettheld sin posisjon som leiande produsent av høgteknologisk fartøy.

Kvalifikasjonar:

Vi søkjer deg som er ein engasjert og sjølvgåande ingeniør med marinteknisk bakgrunn. Evne til å kunne kommunisere og samarbeide med kollegaer på tvers av fagdisiplinar er viktige eigenskapar.

Vi ynskjer at du har ingeniørutdanning på bachelor/master nivå, og nokre år med relevant erfaring.

Du må beherske norsk og engelsk, skriftleg og munnleg                                           

Kontaktperson: Bjarne Rygg: bjarne@braa.no, +47 91317988

Arbeidsstad: Hyen.


Søk på stilling:

Fyll ut kontaktinfo og last opp søknad + CV under. Søknadar vert godtekne på norsk og engelsk.