- Vår fullelektriske spydspiss

 
50196440417_36d8ab389d_o.jpg
 

Hurtigbåtrederiet Rødne har teke eit stort og viktig steg mot grønare fjordturisme. 

- MS Rygerelektra er vår første fullelektriske båt og eit konkret bevis på vår satsing på - og forplikting til - miljøvenleg og grøn turisme, forklarer Lars Rødne, dagleg leiar i Rødne.

BErekraftige fjordopplevINGAR

Rygerelektra blei levert frå Brødrene Aa i april 2020. Hurtigbåten skal frakte turistar og lokalbefolkning til Lysefjorden og andre perler i Ryfylke i Rogaland. 

- Folk har blitt meir merksame på fotavtrykket dei etterlet seg når dei reiser og ferierer, så for oss blei dette eit naturleg val inn mot det grøne skiftet, forklarer Rødne.

I likskap med søsterbåten MS Ryderdronningen, er Rygerelektra designa og bygd for fjordcruise og sightseeing.

- Båtane er bygde med fokus på komfort, både for kundar og tilsette. Med store vindaugsflater, rause salongløysingar og utvendige fasilitetar er dei i ein klasse for seg sjølv. Støynivået er dessutan så lågt, at passasjerar no poengterer lyden av vind og bølgjer – som tidlegare har vore overdøyva av durande motorar.

Lars Rødne, dagleg leiar i rederiet Rødne.

Lars Rødne, dagleg leiar i rederiet Rødne.

EIn båt for rekorder

Den elektriske passasjerbåten har sertifikat for inntil 297 passasjerar, og kan skilte med å gå både fortare og lengre enn nokon anna elektrisk passasjerbåt. Det elektriske maskineriet sparar dessutan rederiet for eit forbruk på 270 000 liter diesel i året.

- Det er ei større investering, men berekraft og klima er den store knaggen me kan vinne marknad på i tida som kjem. Rygerelektra skal vere ein båt for fremtida, forklarer Rødne og utdjupar:

- Me må hive oss med på den nye teknologien og omstillinga no, elles risikerer me å stå att på perrongen når toget går.  

Læring i alle ledd

Då marknaden for fullelektriske båtar framleis er i startgropa, blei det ein svært lærerik prosess, fra idè til sjøsetting.

- Me har bygd båtar i fleire tiår, men å byggje heilelektrisk er nytt terreng. For oss som rederi har det vore læring i alle ledd. Derfor har det vore ekstra fint å jobbe saman med Brødrene Aa, eit verft me har lang kjennskap til og erfaring med, forklarer Rødne. 

Verftet i Hyen har dei siste 50 åra bygd over 20 båtar for det familieeigde rederiet på Sør-Vestlandet.

- Mykje av bærekrafta ligg dessutan i den lange levetida på båtane me har kjøpt frå Brødrene Aa. Å fordele miljøavtrykket på 35 år, samanlikna med båter som blir utslitne etter 20 år, utgjer ein enorm skilnad i det store bildet. 

I starten hadde me nok litt rekkjeviddeangst. Bruken av kilowatt må planleggjast og bereknast nøye - me kan ikkje utan vidare «køyre på» med meir fart. No byrjar det heldigvis å bli ei vanesak.
— Joar Dalaker, kaptein.
 
Etter halvanna år i drift i Ryfylke i Rogaland har ein fullelektrisk kvardag byrja å setje seg i fingerspissane for mannskapet på Rygerelektra. Foto: Lise Josdal.

Etter halvanna år i drift i Ryfylke i Rogaland har ein fullelektrisk kvardag byrja å setje seg i fingerspissane for mannskapet på Rygerelektra. Foto: Lise Josdal.

 

Rekkeviddeangsten som forsvanN

Etter halvanna år i drift har ein fullelektrisk kvardag byrja å setje seg i fingerspissane for mannskapet på Rygerelektra. Kapteinen med flest timer på brua, Joar Dalaker, er svært nøgd med sitt nye fartøy.

- Det er ein fantastisk god og stillegående båt. Fråveret av eksos gjer den dessutan veldig rein og fin å tilbringe arbeidsdagane på, fortel Dalaker, som også var byggjeleiar under prosessen med å lage båten.

Sjølv med 30 års erfaring som kaptein, byr det på noko læring å gå frå diesel til batteri.

- I starten hadde me nok litt rekkjeviddeanst. Bruken av kilowatt må planleggjast og bereknast nøye - me kan ikkje utan vidare «køyre på» med meir fart. No byrjar det heldigvis å bli ei vanesak – og me kjem oss alltid til land.

BERRE god respons

Rygerelektra har også hausta mykje ros fra dei reisande.

- Me får stadig positive tilbakemeldingar frå folk som påpeikar at det er så stille og fint ombord. Fleire er dessutan opptekne av miljøaspektet ved å satse på elektriske båtar, avsluttar Dalaker. 

- Me får stadig positive tilbakemeldinger fra folk som påpeikar at det er så stille og fint ombord. Fleire er dessutan opptekne av miljøaspektet ved å satse på elektriske båtar. Foto: Lise Josdal.

- Me får stadig positive tilbakemeldinger fra folk som påpeikar at det er så stille og fint ombord. Fleire er dessutan opptekne av miljøaspektet ved å satse på elektriske båtar. Foto: Lise Josdal.

Rygerelektra tek inntil 297 passasjerer, og kan gå fortare og lengre enn nokon anna elektrisk passasjerbåt. Foto: Lise Josdal.

Rygerelektra tek inntil 297 passasjerer, og kan gå fortare og lengre enn nokon anna elektrisk passasjerbåt. Foto: Lise Josdal.

 

Vil du vite meir om Rygerelektra? Her finn du meir informasjon om hurtigbåten.

Gasta DesignBerekraft