- Tek deg gjennom noko av det røffaste og vakraste Noreg har å by på

Idylliske omgjevnader for pendlarane i nord. Foto: Odd Steinar Åfar Viseth.

Idylliske omgjevnader for pendlarane i nord. Foto: Odd Steinar Åfar Viseth.

Dei nye passasjerbåtane frå Brødrene Aa haustar gode tilbakemeldingar frå både pendlarar og ferierande langs Nordlandskysten. 

- Dagens båtar er av ein helt anna kvalitet enn kva vi er vande med frå tidlegare – spesielt når det kjem til passasjerkomfort. Det merkast godt i form av mindre motordur og vibrasjonar, noko som har mykje å seie på lengre overfartar, fortel pendlar Odd Steinar Åfar Viseth. 

Han er blant dei mange øybuarane som dei siste åra har stifta kjennskap til Nordland Fylkeskommune sine nye hurtigbåtar frå Brødrene Aa.

- Desse båtane utgjer ei viktig livsline for dei mange fastbuande på øygruppa langs Helgelandskysten. I tillegg er det viktig for at kollektivtransporten skal bli eit reiselivsprodukt til sjøs.

Odd Steinar Åfar Viseth og familien har gjort seg gode erfaringar med dei nye hurtigbåtene frå Brødrene Aa. Foto: privat.

Odd Steinar Åfar Viseth og familien har gjort seg gode erfaringar med dei nye hurtigbåtene frå Brødrene Aa. Foto: privat.

Båtavhengig busetnad 

Viseth og familien er busette på den vesle øygruppa Myken, dryge tre mil frå fastland på Helgelandskysten. 

- Me er 15-16 fastbuande på øya og har ingen bilar, ferjeforbinding eller ferjekai. Som kommune er Rødøy veldig båtavhengig, forklarer Viseth. 

Busetnaden i nord er prega av store avstandar og for familiefaren er det den drygt fire timars ruta mellom Helgeland og Bodø som jamleg står for tur.

- Gode forbindingar til sjøs er avgjerande for at det skal vere attraktivt å busetje seg i denne delen av landet. I tillegg til av me viser frem «smørsida» til ferierande og reisande, fortener dei fastbuande ein triveleg tur. For det er ikkje berre turistane som står på dekk og beundrar utsikta – den skifter for kvar sjømil og sluttar aldri å imponere.

Frå luke i veggen til espressobar

Med dei nye båtane har dessutan dei innvendige fasilitetane fått seg eit løft.

- Alle komponentane er av høg standard, nøye planlagd og utforma med universell utforming.  Sjølv reiser eg mykje med barnevogn. Då er det fantastisk med ein innvending personheis, som gjer det lettare når av- og påstiging skjer frå ulike dekk. Me har også fått romslegare salongar, tilpassa barnevogner og folk med begrensa bevegelegheit. 

Kafeen, som tidligare besto av ei luke i veggen, er no ein fullverdig, moderne kafé. 

-Her kan du nyte eit variert utval av kaffi, påsmurt eller drikke frå baren i båten si skjenkesone. Frå å kjøpe svart kaffi gjennom ei luke i veggen, snakkar me no om ei komplett kaféoppleving. Det er også bygd for at ein skal kunne nyte overfarten på dekk.

Kvalitet i alle ledd

Som tidlegare samferdselssjef i Nordland fylkeskommune kjenner han anskaffingsprosessen og verftet frå Hyen litt betre enn dei fleste.

- Det er ei kjend sak at Brødrene Aa leverer hurtigbåtar av teknisk høg kvalitet, bygd for dei tøffe forholda her nord. Manøvreringsdyktigheita for dei nye fartøya er høg, etter strenge krav frå fylkeskommunen og leveransen frå Brødrene Aa. Men det er også viktig at brukaropplevinga står i fokus - med dei nye båtane er den løfta til eit nytt nivå.

Bygd for eit reiseliv i vekst

I tillegg til dei mange øybuarane, med båt som viktigaste framkomstmiddel i kvardagen, viser han til at satsinga vil gagne reiselivet positivt.

- Båtane har ein viktig samfunnsfunksjon for pendlarar, men gir også turistane tilgang til unike naturperler. Ein kan også reise på øyhopping, padle kajakk og oppleve Helgelandskystens mange skattar. Reiselivsaktivitet har stor betydning for busetnad og utvikling på Nordlandskysten, og no veks og gror det også utanfor Lofoten. Hurtigåbtane er bokstaveleg talt ein motor i denne utviklinga.

Han påpeikar at skuldersesongen blir stadig viktigare for reiselivet i nord

- Sjølv om pågangen er størst på sommaren, blir også vinterturismen stadig større og meir profesjonalisert på Helgeland. Eit komfortabelt og føreseieleg kollektivtilbod, tilrettelagt for å frakte syklar, kajakkar og anna bagasje, bidreg no til ei enda meir fullstendig reiselivsoppleving.

pendlar med brødrene aa.jpg
Begge foto: Odd Steinar Åfar Viseth.

Begge foto: Odd Steinar Åfar Viseth.

Gasta Design