Prosjektingeniør røyr og maskin

Brødrene Aa er verdsleiande på utvikling og produksjon av hurtigbåtar i karbonfiber. Vi er 170 tilsette som leverer produkt i verdsklasse. Vi har sterkt fokus på innovasjon og miljø, og jobbar for grøne løysingar. Brødrene Aa er ei godkjent lærebedrift.

Med auka oppdragsmengde og etablering av produksjon i Eikefjord, ser vi etter fleire dyktige folk. Som ingeniør hos Brødrene Aa jobbar du med utvikling og design av kreative og innovative løysingar av høg kvalitet. Kvar båt er skreddersydd og optimalisert for operatørens krav. Dette krev unike tilnærmingar og kreativ tenking.

Kvalifikasjonar:

  • Ingeniør eller teknikar
  • Erfaring frå skip eller offshore
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Teikning og prosjektering av røyr- og maskinsystem på hurtigbåtar
  • Prosjektleiing, 2D- og 3D-teikning med Autocad og Rhinocero

Personlege eigenskapar:

  • Nøyaktig og kvalitetsbevisst
  • Sjølvstendig, men òg ein god lagspelar
  • Fleksibel og tilpassingsdyktig
  • Evne å tileigne ny kunnskap
  • Arbeide effektivt, òg under høgt press
  • Ærleg, med høg integritet
  • Positiv haldning

Vi tilbyr:

  • Eit sterkt fagmiljø
  • Intern kursing
  • Vareirande arbeid
  • Trygt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • Ryddig og ordentleg arbeidsstruktur
  • LEAN-mentalitet og personleg utvikling
  • Konkurransedyktig lønnsnivå

Kontaktperson: Anstein Aa: anstein@braa.no, +47 93065427

Arbeidsstad: Eikefjord og/eller Hyen.

Søknadsfrist: 15. februar


Søk på stilling:

Fyll ut kontaktinfo og last opp søknad + CV under. Søknadar vert godtekne på norsk og engelsk.