Produksjonsmedarbeidarar

Brødrene Aa er verdsleiande på utvikling og produksjon av hurtigbåtar i karbonfiber. Vi er 170 tilsette som leverer produkt i verdsklasse. Vi har sterkt fokus på innovasjon og miljø, og jobbar for grøne løysingar. Brødrene Aa er ei godkjent lærebedrift.

Med auka oppdragsmengde og etablering av produksjon i Eikefjord, ser vi etter fleire dyktige folk. Måten vi produserer våre båtar på, krev dyktige medarbeidarar med ulik fagkompetanse. Dette gir varierande arbeid og eit sterkt fagmiljø.

Ønskje om ein eller fleire fagutdanningar:

  • Polymerkompositt (plast)
  • Industrimekanikar
  • Industrirøyrleggar
  • Tømrar
  • Industrisnikkar
  • Elektrikar
  • Anna relevant industri- og handverkserfaring kan kompensere for formell kompetanse

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Bygging av skrogstrukturar i plast sandwich
  • Overflatearbeid og måling
  • Utrustingsarbeid og innreiing

Personlege eigenskapar:

  • Nøyaktig og kvalitetsbevisst
  • Sjølvstendig, men òg ein god lagspelar
  • Fleksibel og tilpassingsdyktig
  • Evne å tileigne ny kunnskap
  • Arbeide effektivt, òg under høgt press
  • Ærleg, med høg integritet
  • Positiv haldning

Vi tilbyr:

  • Eit sterkt fagmiljø
  • Vareirande arbeid
  • Intern kursing og fagutdanning
  • Trygt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • Ryddig og ordentleg arbeidsstruktur
  • LEAN-mentalitet og personleg utvikling
  • Konkurransedyktig lønnsnivå

Kontaktpersonar: Arnulf Aa: arnulf@braa.no+47 95057188 - Anstein Aa: anstein@braa.no, +47 93065427 (Elektro-stilling)

Arbeidsstad: Eikefjord og/eller Hyen.


Søk på stilling:

Fyll ut kontaktinfo og last opp søknad + CV under. Søknadar vert godtekne på norsk og engelsk.