toppbar_stilling.jpg

Plassjef/Site Manager i Eikefjord

Grunna auke etterspurnad i marknaden for nybygg, samt ei strategisk satsing på ettermarknaden for hurtigbåtar har vi utvida vår verksemd med eit verftsanlegg i Eikefjord. Det er i dag stor aktivitet ved anlegget med kontinuerlege ettermarknadsoppdrag, samt nybyggsaktivitetar.

Vi søker etter Plassjef/Site Manager til Brødrene Aa sitt produksjonsanlegg i Eikefjord. Som Site Manager vil du få ei sentral rolle i den vidare oppbygginga og utviklinga av anlegget.

Oppgåver

Ansvarleg for at anlegget er forsvarleg organisert og leia med hensyn til både kompetanse, kapasitet og forhold knytta til helse, miljø og sikkerhet.
Oppfølging av resultatmål, budsjett og økonomi. Leie og kvalitetssikre drift i henhold til gjeldande lover og prosedyrer.
Legge til rette for, og sikre eit godt samarbeid mellom arbeidstakarar ved service og ettermarknad og produksjon av nybygg.

Kvalifikasjoner

Relevant erfaring frå tilsvarande virksomhet/maritim bransje
Leiarerfaring
Evne til å samarbeide godt og kommunisere presist både mot produksjon og kunde i ein hektisk kvardag er sentralt.
Ha evne til å sette seg inn i Lover, forskrifter og standarder
Relevant utdanning, minimum teknisk fagskole/Bachelorgrad. Erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

Norsk skriftleg og munnleg flytande
Engelsk skriftleg og munnleg god

Frist: 18.12.2018

Søknad sendast i skjema nedst på sida.

Kontaktperson: Synne Oppheim 913 44 720 synne.oppheim@braa.no

Om Brødrene Aa

Brødrene Aa AS er leiande nasjonalt og internasjonalt på bygging av hurtiggåande fartøy i karbonfiber. Innovasjon og nytenking står sentralt i bedrifta og ein har dei siste åra utført store utviklingsprosjekt i forbindelse med nye båtkonsept, utstyrsutvikling på båtane og utvikling av komposittmateriale.

Lågare vekt, lågare forbruk og lågare utslepp, i tillegg til prisvinnande design, kjenneteiknar våre fartøy. Vi skal fortsette å være ein føretrekt leverandør i ein internasjonal krevjande marknad, og utvidar ved å etablere verft i Eikefjord og Kina.
Mange omtalar Brødrene Aa som eit eventyr. Det er eit eventyr som inkluderer mykje arbeid, nytenking, evne til å levere framtidsretta løysingar som er optimale for våre kundar.

Søk på stilling:

Fyll ut kontaktinfo og last opp søknad + CV under. Søknadar vert godtekne på norsk og engelsk.