toppbar_stilling.jpg

Avdelingsleiar maskin og mekanisk

Brødrene Aa AS er leiande nasjonalt og internasjonalt på bygging av hurtiggåande fartøy i karbonfiber. Innovasjon og nytenking står sentralt i bedrifta og ein har dei siste åra utført store utviklingsprosjekt i forbindelse med nye båtkonsept, utstyrsutvikling på båtane og utvikling av komposittmateriale. Lågare vekt, lågare forbruk og lågare utslepp, i tillegg til prisvinnande design, kjenneteiknar våre fartøy. Vi skal fortsette å være ein føretrekt leverandør i ein internasjonal krevjande marknad

Til å vere med på vår utvikling vidare ser vi etter leiar for vår avdeling for maskin og mekanisk i Hyen. Avdelinga består i dag av åtte tilsette, i tillegg til innleigd personell. Vi har eit godt arbeidsmiljø med fokus på tverrfagleg samarbeid og utvikling. Til vårt team treng vi deg som likar ei utfordring, er opptatt av fagleg utvikling med eit framtidsretta blikk.

Oppgåver for avdelingsleiar

  • Planlegge arbeidet på avdelinga og sørge for gjennomføring av tildelte aktivitetar
    (kvalitet/tidsfrist/timeforbruk/tilrettelegge for arbeid – materialer og bemanning)

  • Sikre at arbeid blir utført i samsvar med etablerte selskapskrav (HMS/Produksjonsprosedyrer)

  • Sikre prosjektleveransane (kvalitet/tidsforbruk)

  • Resultat- og budsjettansvar

  • Personalansvar for medarbeidarar tilknytta avdelinga

  • Forbedring og effektivisering, utarbeiding og oppdatering av rutinar

  • Andre oppgåver som er relevant for fagområdet

Kvalifikasjonar

  • Relevant erfaring frå tilsvarende virksomhet/maritim bransje.

  • Leiarerfaring

  • Evne til å samarbeide godt og kommunisere presist både mot produksjon og kunde i en hektisk kvardag er sentralt.

  • Ha evne til å sette seg inn i Lover, forskrifter og standarder

  • Relevant utdanning, minimum teknisk fagskole/Bachelorgrad. Erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

Norsk skriftleg og munnleg - flytande
Engelsk skriftleg og munnleg - god

Personlege eigenskapar

  • Sjølvgåande, initiativrik og vilje til å ta tak i oppgåver raskt

  • Systematisk

  • Gode formidlingsevner

  • Stor gjennomføringsevne

  • Løysingsorientert

Arbeidsstad: Hyen

Frist: 19.12.2018

Søknad sendast i skjema nedst på sida.

Kontaktpersonar:

Arnulf Aa - 950 57 188 - arnulf@braa.no

Synne Oppheim, 913 44 720 - synne.oppheim@braa.no

Søk på stilling:

Fyll ut kontaktinfo og last opp søknad + CV under. Søknadar vert godtekne på norsk og engelsk.