Stillingsutlysning: Innkjøpsleiar

«Kva er problemet?»
Vår nye innkjøpsleiar, må ha same innstilling som oss.

Brødrene Aa AS er lokalisert i Hyen i Sogn og Fjordane og har i dag ca. 150 tilsette. Verftet er leiande nasjonalt og internasjonalt på bygging av hurtiggåande fartøy i karbonfiber. Innovasjon og nytenking står sentralt i bedrifta og ein har dei siste åra utført store utviklingsprosjekt i forbindelse med nye båtkonsept, utstyrsutvikling på båtane og utvikling av komposittmateriale.

Lågare vekt, lågare forbruk og lågare utslepp, i tillegg til prisvinnande design, kjenneteiknar våre fartøy. Vi skal fortsette å være ein føretrekt leverandør i ein internasjonal krevjande marknad, og utvidar ved å etablere verft i Kina.

Mange omtalar Brødrene Aa som eit eventyr. Det er eit eventyr som inkluderer mykje arbeid, nytenking, evne til å levere framtidsretta løysingar som er optimale for våre kundar.

Vi ønskjer din kompetanse for å optimalisere innkjøp i vår organisasjon. Som innkjøpsleiar blir du ein viktig ressurs for å sikre lønnsam og effektiv drift. 

Oppgåver:

  • Innkjøpsansvarleg for Brødrene AA
  • Optimalisere forsyningskjeden
  • Etablere, implementere og vidareutvikle innkjøpssystem
  • Leverandørutvikling og oppfølging
  • Forhandlingar og utarbeiding av kontraktar og avtaler
  • Bestillingar, leveranseoppfølging og rapportering
  • Støttespelar på innkjøpssida ved internasjonale områder i selskapet
  • Innkjøpsleder inngår i utvida leiargruppe i Brødrene Aa.

  Kvalifikasjonar:

  • Innkjøpsfagleg bakgrunn og erfaring.
  • Relevant utdanning, minimum teknisk fagskole/Bachelorgrad i ingeniørfag eller økonomi
  • Lang erfaring innan fagfeltet kan kompensere for manglande relevant utdanning
  • God kompetanse med innkjøpssystem
  • Norsk skriftleg og munnleg.
  • Engelsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar:

  • Systematisk
  • Gode formidlingsevner og evne til å selge inn idear
  • Stor gjennomføringsevne
  • Løysingsorientert

Søknadsfrist: 09.04.2017 - Informasjon om søknad finn du her: