Stillingsutlysing: Innkjøpsleiar

Søknadsfrist: 14.08.2017

Brødrene Aa AS er lokalisert i Hyen i Sogn og Fjordane og har i dag ca. 120 tilsette. Bedrifta har ei årleg omsetning på 300 millionar NOK og er i dag leiande nasjonalt og internasjonalt på bygging av hurtiggåande fartøy i karbonfiber. Innovasjon og nytenking står sentralt i bedrifta og ein har dei siste åra utført store utviklingsprosjekt i forbindelse med nye båtkonsept, utstyrsutvikling på båtane og utvikling av komposittmateriale.

Lågare vekt, lågare forbruk og lågare utslepp, i tillegg til prisvinnande design, kjenneteiknar våre fartøy. Vi skal fortsette å være ein føretrekt leverandør i ein internasjonal krevjande marknad, og utvidar ved å etablere verft i Kina.

Mange omtalar Brødrene Aa som eit eventyr. Det er eit eventyr som inkluderer mykje arbeid, nytenking, evne til å levere framtidsretta løysingar som er optimale for våre kundar.

Vi ønskjer din kompetanse for å optimalisere innkjøp i vår organisasjon. Som innkjøpsleiar blir du ein viktig ressurs for å sikre lønnsam og effektiv drift. 

Oppgåver:

  • Innkjøpsansvarleg for Brødrene AA
  • Optimalisere forsyningskjeden
  • Etablere, implementere og vidareutvikle innkjøpssystem
  • Leverandørutvikling og oppfølging
  • Forhandlingar og utarbeiding av kontraktar og avtaler
  • Bestillingar, leveranseoppfølging og rapportering
  • Støttespelar på innkjøpssida ved internasjonale områder i bedrifta
  • Innkjøpsleder inngår i utvida leiargruppe i Brødrene Aa

Kvalifikasjonar:

  • Innkjøpsfaglig bakgrunn og erfaring.
  • Relevant utdanning, minimum BSc, innen økonomi, logistikk, juridisk eller ingeniørfag.
  • Kandidater med manglende formalkompetanse,  men lang erfaring innen fagfeltet vil vurderes.
  • God kompetanse med innkjøpssystem
  • Norsk skriftleg og munnleg
  • Engelsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar:

  • Systematisk
  • Gode formidlingsevner og evne til å selje inn idear
  • Stor gjennomføringsevne

Søknadsskjema kan fyllast ut her:  https://www.finn.no/job/management/ad.html?finnkode=99981368