Cookies

Ny lov om personvern - kva må du som webansvarleg gjere?

1. juli 2013 vart det innført nye reglar for personvern og innhenting av informasjon på internett. Alle nettstader som inneheld cookies (informasjonskapslar), skal gje besøkande informasjon om dette. Les loven her. Cookies er ein standard webteknologi som vert brukt av dei fleste nettstadar i dag. Ein cookie består av ei lita tekstfil som lagrast lokalt i nettlesarens internminne.

Alle som har ein nettstad, uansett storleik, må difor forholde seg til dei nye reglane. I praksis går dette i hovudsak ut på at nettstadar som brukar cookies skal gje informasjon om kva cookies som blir brukt og formålet med det, samt kva opplysningar som vert lagra.

Under har vi satt opp ei lita hugseliste og tips til kva du som webansvarleg må gjere for å holde deg innanfor den nye loven. Det er berre små grep som må til!

  • Lag ei ny side (kall den gjerne “Personvernerklæring”). Legg den i rammeverket for nettsida di slik at den er tilgjengeleg uansett kva side brukaren står på.

  • Ettersom begrepa cookies og informasjonskapslar er ukjende for mange er det lurt å forklare kort kva det er, samt kva den nye loven innebærer.

  • List opp kva cookies som vert nytta på din nettstad og hensikta med dei. Her må det også opplysast om kva informasjon som vert lagra og kven som står bak. Spør din webleverandør om du er i tvil. Du kan også nytte tenesta Sitebeam for å sjekke kva cookies din nettstad har.

  • Informer om at det er opp til brukeren sjølv om han/ho vil stille inn nettlesaren sin slik at cookies automatisk blir godkjent eller ikkje. Dei fleste nyare nettlesarar, som Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari etc, er innstilt på å akseptere cookies automatisk.

    Trykk her for Brødrene AA informasjon på braa.no om personvern og informasjonsinnhenting.