Togfrontar
|

|
Brødrene Aa er kanskje ei av dei verksemdene her i landet som ligg lengst frå ei jernbaneline.
Likevel har det her blitt produsert 76 frontar og plogar til norske tog.
Det heile starta i 1996. Då fekk Brødrene Aa ein leveranse på 32 frontar til Gardermobanen. Seinare har bedrifta levert togfrontar både til Signatur og Agenda- toga til NSB.
Togfrontane skulle oppfylle strenge branntekniske krav. For å oppfylle desse krava tok Brødrene Aa i bruk vakuminjisering av bindemiddelet fenol.
|
|
 |
|